Å hente ei pakke på Posten
Bror min sendte ei pakke med ymse sjokolade (og leverpostei!) for nokre veker sidan. Ei pakke pleier å bruke 10-15 dager frå Noreg til Syria. Lur som han er sørga bror min for å få pakka spora, så han kunne meddele at ho var komen fram til Syria 9. mars klokka 14:12. Det falt seg slik at ho kom midt i helga og rett før ein offisiell fridag, så eg tenkte at ho kom sikkert ikkje fram til instituttet eg studerer ved før tysdag eller onsdag veka etter. Men veka gjekk og inga pakke kom. Etterkvart vart eg meir og meir uroleg, for tida gjekk, sjokoladeabstinensen vaks og til alt overmål hamna me inne i ein varmeperiode akkurat då. Stakkars sjokolade som låg aleine og eigarlaus i ørkenen i Syria!
Så då gjekk me til postkontoret, Ahmad og eg. Det sentrale postkontoret ligg veldig sentralt og inneheld mykje post. Men der hadde dei ikkje sett nokon pakke, kanskje me burde spørje instituttets postbud som kom kvar dag og henta all post med adresse dit? (Her må eg litt skamfull innrømme at eg byrja å sjå for meg ein glad og lykkeleg bodberar fråtsande i norsk sjokolade - syrisk sjokolade er ikkje mykje å skrive heim om). Men her ein dag gjekk Ahmad innom postkontoret med pakkenummeret frå kvitteringa til bror min og spurde for seg. Då vart det resultater, og eg fekk beskjed om å gå ned sjølv sidan pakka sto i mitt namn.
Til postkontoret bar det. Først måtte eg innom pakkeekspedisjonen og ein disk der for å hente ein lapp som Ahmad hadde lagt att til meg. Så vart eg sendt til tolldesken, der dei såg på lappen og sa at eg måtte opp ein etasje. I etasjen over valde eg ein tilfeldig luke og viste fram lappen, og då fekk eg beskjed om å gå ein trapp opp og finne ein herr K. H. I tredje etasje spurde eg meg bortover frå venstre mot høgre til eg endeleg fann herr K. H., som tasta litt på dataen sin, signerte lappen og sende meg ned til første etasje. Og først då byrja den normale prosessen med å hente ut ei pakke på posten i Syria:
Først må du alboge deg veg til tollskranken med hentelappen din. Deretter må du til ein betalingsskranke ("inbox" heiter den på engelsk), kor ein høfleg fyr ser på passet ditt og gjev deg eit ark etter å ha bladd litt i ei diger bok. Det må du ta med tilbake til tollskranken, der dei finn fram pakka di, sjekker at ho er di, og opner henne for å snoke litt. (Her var eg ikkje heilt sikker på kva dei ville tru om leverposteien, men han tok berre ut det som låg øverst, og det var ikkje spesielt spennande). Etter dette får du ein kvittering og eit ark som direktøren må underteikne. Direktøren sit på sit store og svale kontor og ser på såpeserier innimellom underteikningane. Med denne underskriften på arket kan du så gå tilbake til betalingsskranken og betale toll (eller noko slikt), og så vender du tilbake til tollarane og får pakka utlevert. Då kan du trygt gå, og ikkje sjå deg tilbake.
Neste pakke håper eg kjem heilt fram til instituttet, kor det berre er å plukke opp posten i posthylla utan om og men. Skjønt mjølkesjokolade er verdt litt styr.




